Førebygg ulykker med rett bruk av personløftar

Kilde: www.arbeidstilsynet.no (18. april 2024)

Dei siste åra har det blitt vanlegare å bruke personløftar (lift) til arbeid i høgda. Men det er risikofylt arbeid, og årleg får Arbeidstilsynet 3 til 4 ulykkesmeldingar etter bruk av slike liftar. Ulykkene er ofte svært alvorlege, og nokre gonger også med dødeleg utfall..

BLIR BRUKT OFTARE: Personlift er utbreidd i bransjar som bygg og anlegg, eigedomsforvaltning, vedlikehald, skogbruk og energi. FOTO: Arbeidstilsynet.  

Personløftarar kan gjere det tryggare å arbeide i høgda. Samtidig får Arbeidstilsynet årleg fleire meldingar om ulykker knytt til personlift. Dei vanlegaste ulykkene kjem av fall frå plattform, klemming, velt, påkøyrslar, mekaniske feil og elektrisk sjokk. Det kan vere risikabelt å bruke lift, men med god planlegging og rett bruk kan ein unngå mange ulykker.

Bruk bruksrettleiinga

Rettleiinga til personliften gir gode føringar for korleis de kan bruke liften trygt og utan fare for ulykker og skadar. Det er for eksempel framleis slik at personløftarar på den norske marknaden ikkje er laga for på- og avstiging i oppreist posisjon, og det er arbeidsgivar sitt ansvar å sørgje for trygg bruk.

Arbeidstilsynet gir råd for trygg bruk

Regelverket stiller krav til arbeid i høgda generelt, og Arbeidstilsynet gir særskilt rettleiing om trygg bruk av personløftar. Rettleiinga er retta mot dei som skaffar liftar, dei som leier arbeidet med liftar og dei som bruker liftar. Ho er oppdatert etter innspel frå blant anna PLF (Personløfterforeningen), RVO bygg/anlegg og SfS BA (Samarbeid for tryggleik i bygg og anlegg) og på bakgrunn av bestepraksis. 

Arbeidsgivar har ansvaret

Det er arbeidsgivar som har ansvar for å planlegge og risikovurdere arbeidet. Det betyr å kartlegge kvar risikoen er størst for skadar og ulykker, og deretter gjere det som er nødvendig for å førebygge dette. Viss det viser seg at operatøren av personliften ofte lener seg over rekkverket eller står på rekkverket, er det du som arbeidsgivar som har ansvar for at arbeidstakar ikkje kan falle av, anten ved sikring eller ved bruk av lift som er tilpassa arbeidet.

Arbeidsgivar skal blant annet sørge for at

  • arbeidet er godt planlagt og risikovurdert
  • liften og anna arbeidsutstyr er CE-merka og godkjent for arbeidet som skal gjerast
  • bruksrettleiinga til produsenten er tilgjengeleg
  • alle som bruker liften har fått nødvendig opplæring
  • liften er kontrollert og halde ved like, og at dette er dokumentert

Arbeidstilsynet tilrår at ingen jobbar aleine

Ofte ser vi at personar som har vore i ulykker der personløftarar er involverte, har måtta vente på hjelp fordi dei har jobba aleine. Derfor tilrår vi at arbeidsgivar peikar ut ein arbeidsleiar som kan planlegge, kontrollere og overvake arbeidet. Arbeidsleiar skal også kunne hjelpe til med trygg evakuering/redning dersom det blir nødvendig.

Share:

Facebook
LinkedIn

les også

Relaterte innlegg